Styret i Sparebankstiftinga Fjaler har fordelt godt og vel 1,2 millionar til mange gode tiltak i Fjaler og Holmedal. Til saman 2,3 millionar har stiftinga no delt ut til allmenyttige formål på eit halvår.

Styret i Sparebankstiftinga Fjaler hadde møte 11.april og fordelte då 1 225 500 kr på i alt 63 søkarar, frå 1000 kr til 190 000 kr. Det kom inn ca 100 søknader på tilsaman nesten 7 millionar kr, så styret hadde ikkje noko lett oppgåve. Styret har m.a. prioritert forsamlingshus ved begge tildelingane. Det har òg kome inn søknader på enkelte større idrettsprosjekt, men der vil stiftinga vente til anlegga er med i kommunale planar og evt. i kampen om spelemidlane, slik at det er klart at dei kan realiserast.

Styret delte denne gongen òg ut driftsstøtte, slik Fjaler Sparebank har gjort ein gong for året tidlegare. Stiftinga vil dele ut nye midlar til hausten, men då er det berre gode prosjekt med solide søknader som vil få støtte.

Her er lista over dei som fekk midlar: https://ifjaler.no/gavetildeling/tildelingar/