6.juni hadde generalforsamlinga for Sparebankstiftinga Fjaler møte.

Dette var det første ordinære møtet i generalforsamlinga, og møtet godkjende m.a. årsmelding og rekneskap for 2010.

Viktigaste oppgåva for generalforsamlinga er elles å velje styre, og etter framlegg frå valnemnda vart Vegard Strand vald til ny styreleiar. Han tar dermed over etter Geir-Arne Åsnes, som har vore styreleiar sidan 2007 når vi òg tar med styret i banken. Geir-Arne Åsnes vart på møtet i generalforsamlinga heidra for jobben sin i ein viktig periode, m.a. i forhandlingane då Fjaler Sparebank gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fjordane. Styret vart i tillegg utvida med ein medlem, og ny styremedlem vart Rolf Kleiven. I tillegg held Ingvar Flekke, Marit Klausen og Randi Engen fram i styret. Til ny varamedlem vart Joy Taylor vald.

Dette var saklista for generalforsamlinga:

  1. Konstituering
  2.  Godkjenning av årsmelding og rekneskap.
  3. Rammer for tildeling av gåvemidlar
  4. Endring i prinsipp for tildeling av gåvemidlar.
  5. Val av styremedlemmar og styreleiar.
  6.  Godtgjersle for styret sine medlemmar
  7.  Val av medlemmar til valknemnda.
  8.  Val av revisor og fastsetting av revisor si godtgjersle.
  9. Drøftingssaker/saker som generalforsamlinga etter vedtektene kan ta opp.

Desse er med i styret og i generalforsamlinga:https://ifjaler.no/om-oss/styrande-organ/