Om oss

I samband med at Fjaler Sparebank, med kontor i Fjaler og Bergen, gjekk inn i Sparebanken Sogn og Fordane i 2010, vart det oppretta to stiftingar som eig Sparebanken Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga Fjaler eig 5,88 % av Sparebanken Sogn og Fjordane, medan  Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane eig resten.

Ved samanslåinga vart 1,8 milliard av grunnfondet overført til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kr 106 453 000 til Sparebankstiftinga Fjaler, i form av eigenkapitalbevis. I tillegg har Sparebankstiftinga Fjaler kjøpt eigenkapitalbevis for kr 5.000.000.-, slik at samla beløp eigenkapitalbevis er kr 111 453 000. Det er dette som gjev grunnlaget for eigarskapen i banken.

I tillegg fekk Sparebankstiftinga ut verdiar for tilsaman kr 25 355 130 ved samanslåinga. Det er avkastninga av det samla fondet i sparebankstiftinga som m.a. skal delast ut som gåvemidlar til allmennyttige formål.

Sparebankstiftinga Fjaler har to hovudformål med eigarskapen sitt:

  1. Stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane
  2. Ivareta sparebanktradisjonar ved å bruke delar av overskotet til gåver til allmennyttige føremål.

Stiftinga skal vidare arbeide for at Sparebanken Sogn og Fjordane skal vidareføre ein sterk lokalbanktradisjon i Fjaler, er det slått fast i ein”Eigarstrategi”, som styret i stiftinga har vedteke.

Stiftinga sitt øvste organ er Generalforsamlinga, som er oppnemt av innskyttarane i  Fjaler Sparebank sitt gamle nedslagsområde, og resten er oppnemt av og Fjaler Kommune. Generalforsamlinga vel eit styre som saman med Dagleg leiar har ansvaret for drifta av stiftinga.

Sjå også:

Vedtekter for Sparebankstiftinga Fjaler

Eigarstrategi

Strategi for kapitalforvaltning

Strategi for gåvetildeling

Styrande organ

Skriv ut denne sida.