Gåvetildeling

Styret i Sparebankstiftinga Fjaler har som mål at deler av stiftinga sitt overskot skal verte gitt som årlege gåver til allmennyttige føremål. Dette skal auke trivselen for dei som oppheld seg i nærmiljøet. Stiftinga skal i sin verksemd først og fremst prioritere gåver i det distriktet som har bygd opp grunnkapitalen (sparebanken sitt fond) i tidlegare Fjaler Sparebank.

Stiftinga vil gjennom gåvetildeling prioritere:

  • Følgjande søkjarar skal prioriterast:
    • Prosjekt og organisasjonar som arbeider for og med barn og ungdom.
    • Prosjekt og organisasjonar drive av frivillige.
    • Tiltak som kjem mange til gode.
    • Tiltak som løftar frivillig engasjement og dugnadsvilje.
    • Prosjekt og organisasjonar som har klåre visjonar og tankar bak sine tiltak.
  • Stiftinga vil normalt ikkje prioritere
    • Naturlege sponsorobjekt.
    • Politiske parti eller føremål som kan knytast til politisk verksemd.
    • Støtte til næringsverksemd med unnatak for Sparebankstiftinga Fjaler sitt næringsfond.
    • Typiske offentlege oppgåver unnateke der kommunen er inne som ein av fleire aktørar og som elles oppfyller krava til allmennyttige formål.
    • Lukka medlemsorganisasjonar.
    • Støtte til forsking.
  • Tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet skal prioriterast over kortvarige aktivitetar og arrangement.
  •  Avslag på gåvesøknader vil ikkje bli grunngjeve.

Søknadsfrist 2015

  • Seinast måndag 2. mars  – med tildeling i mai. Alle som vil søkje må bruke den elektroniske søkjeportalen: SEND SØKNAD. Har du spørsmål til søknadsskjema eller treng hjelp, så kan vi kontaktast på telefon 57739900 (Accountor HAFS, Ole som er dagleg leiar for stiftinga,eller Øyfrid), eller bruk epost: post@ifjaler.no.

Frivilligsentralen i Fjaler ved Margrete Reisæter, kan også hjelpe til med søknaden,  telefon: 57738020.

“PÅ RAPPEN-MIDLAR” TIL UNGDOM

Er du ein ungdom i Fjaler i Fjaler/Holmedal som har eitn god idè til eit prosjekt du vil gjennomføre og du treng pengane raskt, kan du søke om “På rappen”-midlar på opp til kr 5000 og få svar innan 10 dagar!

Det kan vere støtte

  • til ein konsert
  • til ei utstilling
  • til ein film du vil lage
  • til instrument, til eit orkester eller til deg sjølv
  • til ein tur
  • mm

SEND SØKNAD.  Sjå meir på “Slik skriv du søknaden

Ingen søknadsfrist. Send når som helst

 

Sjå også:

Skriv ut denne sida.