Strategi for gåvetildeling

Disponering av overskot:

Sparebankstiftinga Fjaler si generalforsamling vil kvart år fastsette storleiken på midlar til gåveføremål. Stiftinga tek sikte på å disponere ein forsvarleg del av overskotet til allmennyttige gåver. Den årlege tildelinga av gåver vil derfor variere noko frå år til anna. Stiftinga vil likevel ha som målsetting ein viss stabilitet i gåvetildelinga. Følgjande retningslinjer ligg til grunn for disponering av overskot til allmennyttige gåver:

  • normalt vil årleg tildeling av allmennyttige gåver utgjere inntil 60% av overskotet
  • det vert prioritert å bygge opp gåvefond som kan nyttast i år med svakare økonomiske resultat
  • det vert prioritert å bygge opp gåvefond til bruk for større lokale tiltak. I slike tilfelle kan ei årleg tildeling vere større enn 60% av overskotet så lenge dette er forsvarleg

Skriv ut denne sida.