Eigarstrategi

Sparebankstiftinga Fjaler har etter vedtektene i 2 hovudføremål:

  1. Ein skal stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane og
  2. Ivareta sparebanktradisjonar ved å bruke delar av overskotet til gåver til allmennyttige føremål

Styret vil med dette fastsette mål og retningslinjer for eigarskapen i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Eigarstrategi i Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane (SSF) vart eigenkapitalbevisbank med verknad frå 01. september 2010. På dette tidspunktet hadde SSF desse eigarar (sameleis i dag) :

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

tal ek-bevis            eigardel i %

17.835.000              94,12 %

Sparebankstiftinga Fjaler

tal ek-bevis            eigardel i %

1.114.530                  5,88 %

Ved skipingstidspunkt er ek-bevis notert til ein verdi lik pålydane på 100,-. Dette betyr at Sparebankstiftinga Fjaler har ek-bevis for ein verdi av kr. 111.453.000,- i SSF.

Dei to stiftingane er eigarar av om lag 85% av SSF sin eigenkapital ved skipingstidspunktet.

Styret har fastlagt ein eigarstrategi med følgjande målsettingar:

Vi har følgjande mål med eigarskapen i SSF

  1. Sparebankstiftinga Fjaler skal vere ein langsiktig, stabil og aktiv eigar i SSF. Vårt eigarskap skal bygge på at SSF vidarefører sterke lokalbanktradisjonar i Fjaler kommune, samt at banken skal framstå som fylket sin leiande bankaktør
  2. Vi vil oppretthalde ein eigarskap på minimum stiftinga sin grunnkapital (1.064.530 ek-bevis). Utover dette kan ek-bevis i SSF kjøpast og selgast som ledd i stiftinga sin kapitalforvaltning.
  3. Stiftinga har som føremål å bruke overskot til allmennyttige gåver. Vi vil med vårt eigarskap aktivt arbeide for at SSF vektlegg god drift, med moderat risiko, og at kort- og langsiktige mål om kursutvikling, ikkje går utover gode og løpande utbytteutbetalingar.
  4. Stiftinga vil søkje samarbeid med SSF på områder som kan underbygge og styrke stiftinga og/eller SSF sin verksemd.
  5. Vi vil aktivt arbeide for å få posisjonar i SSF sine styrande organ der dette er føremålsteneleg for å underbygge våre mål og ambisjonar.

Skriv ut denne sida.