Strategi for kapitalforvaltning

I føremålsparagrafen til Sparebankstiftinga Fjaler heiter det at stiftinga skal stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane, og at midlar som stiftinga har til rådvelde skal plasserast på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkastning.

Stiftinga vart skipa med ein grunnkapital på 1.064.530 eigenkapitalbevis i Sparebanken Sogn og Fjordane kvart pålydande kr. 100,- (NOK 106.453.000). Eigenkapitalbevis og kontantar som stiftinga måtte få utover dei eigenkapitalbevis som stiftinga er tilført ved opprettinga som vederlag for bokførte verdiar i Fjaler Sparebank, kan disponerast fritt av styret.

Stiftinga vil prioritere langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Sogn og Fjordane. Styret legg derfor til grunn at eigenkapitalbevis som utgjer grunnkapital, 1.064.530 stk, ikkje skal realiserast. Eit eventuelt nedsal her vil verte førelagt stiftinga si generalforsamling.

Sparebankstiftinga Fjaler har på etableringstidspunktet ein eigardel i Sparebanken Sogn og Fjordane på knapt 6%.

Styret vil elles syte for at kapitalforvaltninga til stiftinga vert utført på ein måte som gjev høgast mogleg risikojustert avkastning.

Det skal byggast opp ein likviditet over tid som tilsvarer om lag 3 års drift i stiftinga (til drift og allmennyttige gåver). Denne likviditeten skal i hovudsak vere i bankinnskot og pengemarknadsfond.

I stiftinga sin kapitalforvaltning skal ein vere aktsam med omsyn til investeringar som utgjer ein ikkje akseptabel risiko for medverknad til uetiske handlingar.

Styret vil som ledd i kapitalforvaltninga vedta retningslinjer for plassering og investering i Sparebankstiftinga Fjaler.

Skriv ut denne sida.