Om Sparebankstiftinga Fjaler

I samband med at Fjaler Sparebank, med kontor i Fjaler og Bergen, gjekk inn i dåverande Sparebanken Sogn og Fordane i 2010, vart det oppretta to stiftingar som eig SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Sparebankstiftinga Fjaler eig 5,92 % av SpareBank 1 Sogn og Fjordane, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane eig resten.

Historie

Ved samanslåinga vart 1,8 milliard av grunnfondet overført til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kr 106 453 000 til Sparebankstiftinga Fjaler, i form av eigenkapitalbevis. I tillegg har Sparebankstiftinga Fjaler kjøpt eigenkapitalbevis for kr 10.000.060.-, slik at samla beløp eigenkapitalbevis er kr 116 453 060. Det er dette som gjev grunnlaget for eigarskapen i banken.

I tillegg fekk Sparebankstiftinga ut verdiar for tilsaman kr 25 355 130 ved samanslåinga. Det er avkastninga av det samla fondet i sparebankstiftinga som m.a. skal delast ut som gåvemidlar til allmennyttige formål.

Hovudformål

Sparebankstiftinga Fjaler har to hovudformål med eigarskapen sin

  • Stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 Sogn og Fjordane

  • Ivareta sparebanktradisjonar ved å bruke delar av overskotet til gåver til allmennyttige føremål.

Eigarstrategi

Stiftinga skal vidare arbeide for at SpareBank 1 Sogn og Fjordane skal vidareføre ein sterk lokalbanktradisjon i Fjaler. Derfor er det slått fast i ein«Eigarstrategi», som styret i stiftinga har vedteke.

Styrande organ

Stiftinga sitt øvste organ er Generalforsamlinga, som er oppnemt av innskyttarane i Fjaler Sparebank sitt gamle nedslagsområde, og resten er oppnemt av Fjaler Kommune. Generalforsamlinga vel eit styre som saman med Dagleg leiar har ansvaret for drifta av stiftinga.