Gåvetildeling

Styret i Sparebankstiftinga Fjaler har som mål at delar av stiftinga sitt overskot skal verte gitt som årlege gåver til allmennyttige føremål. Dette skal auke trivselen for dei som oppheld seg i nærmiljøet.

Søknadsrunde for 2024 er over.

På rappen-midlar

Er du ein ungdom i Fjaler/Holmedal som har ein god idé til eit prosjekt du vil gjennomføre og som kjem fleire tilgode, og du treng pengane raskt? Då kan du søke om «På rappen»-midlar på opp til kr 10.000 og få raskt svar!

Støtteordning til skuletur og reiser

Om din skuleklasse, ditt lag eller di gruppe planlegg ein tur eller ei reise, kan de få støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler mot at de gjer samfunnsnyttig arbeid.

Desse blir prioritert

Tiltak og investeringar med langvarig verdi og nytte for lokalsamfunnet skal prioriterast over kortvarige aktivitetar og arrangement.

Avslag på gåvesøknader vil ikkje bli grunngjeve.

  • Prosjekt og organisasjonar som arbeider for og med barn og ungdom.
  • Prosjekt og organisasjonar drive av frivillige.

  • Tiltak som kjem mange til gode.
  • Tiltak som løftar frivillig engasjement og dugnadsvilje.

  • Prosjekt og organisasjonar som har klåre visjonar og tankar bak sine tiltak.

Desse vil stiftinga normalt ikkje prioritere

  • Naturlege sponsorobjekt.

  • Politiske parti eller føremål som kan knytast til politisk verksemd.
  • Støtte til næringsverksemd med unnatak for Sparebankstiftinga Fjaler sitt næringsfond.

  • Typiske offentlege oppgåver unnateke der kommunen er inne som ein av fleire aktørar og som elles oppfyller krava til allmennyttige formål.

  • Lukka medlemsorganisasjonar.

  • Støtte til forsking.