Ungdommar i Holmedal og Fjaler kan no få opp til 5000 kr til gode ungdomsprosjekt. 

Er du ungdom og vil realisere ein god ide. gjerne til glede for andre ungdommar, kan du gjennom heile året søke Sparebankstftinga Fjaler om støtte. Vi gjev opp til kr 5000 til ideen, og har du lita tid, så lovar vi deg svar innan 2 veker på søknaden.

Det kan vere støtte til

  • ein konsert
  • ei utstilling
  • ein film du vil lage
  • instrument til eit orkester eller til deg sjølv
  • til ein tur
  • til en lys idè

Send ein forenkla søknad til post@ifjaler.no :

  •  Fortel om prosjektet eller ideen din
  • Kor mange du har tenkt deg å få med deg
  • Når du vil gjennomføre det
  • Kor mykje det vil koste
  • Korleis du vil skaffe pengane og kor mykje eigeninnsats du vil legge ned

Ingen søknadsfrist. Send søknaden når som helst.

NB: Søknadsfristen på dei ordinære midlane frå Sparebankstiftinga Fjaler er i år 15.april.

Les meir om gåvemidlane våre på

https://ifjaler.no/gavetildeling/

Bruk søknadsskjema.