Generalforsamlinga avvikla

2.generalforsamlinga i sparebankstiftinga vart halden 13.april.11 av 16 medlemmar i generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Fjaler var frammøtte i Ljosheim 13.april då 2.ordinære generalforsamling i stiftinga vart halden. Styreleiar Vegard Strand ønskte velkommen, og etter at utsendingane var godkjende, tok sitjande leiar i generalforsamlinga, Jonn Helle, over møteleiinga. Det vart ein viss diskusjon om gjennomgføringa av valet mellom innskyttarane til generalforsamlinga, men valet var godkjent. I alt 111 deltok i valet. Det er ikkje noko stor valdeltaking, men det var i alle høve ein auke på 600% i høve til førre val! I år kunne inskyttarane for første gong stemem elektronisk, på epost, og 100 av røystene kom på denne måten.

Valnemnda hadde kome med framlegg til kandidatar, og valet enda med at Linda Strand og Ivar Haaland vart valde til nye medlemmar. Dei 4 varamedlemmane vart Åsa Stav, Olav Nes, Mari Kyrkjebø og Sigbjørn Solheim

Sjå heile lista over den nye generalforsamlinga på
https://ifjaler.no/om-oss/styrande-organ/

På saklista stod godkjenning av årsmelding og rekneskap, som vart godkjende utan merknad.

I valet vart Jonn Helle attvald som leiar i generalforsamlinga, medan Karen Kvamme vart vald som ny nestleiar.

I styret stod Marit Klausen og Randi Engen på val, og begge vart attvalde for 2 år. Randi Engen vart vald til nestleiar i styret. Joy Taylor vart attavald som varamedlem til styret.