Det har kome inn 98 søknader med søknadssum på nesten 7 millionar.

Då fristen gjekk ut 15.mars, hadde det kome inn 98 søknader i den nye tildelingsrunden til Sparebankstiftinga Fjaler. I alt er det søkt om ca 7 millionar i drifts- og prosjekstøtte. Ved siste tildeling delte styret i stiftinga ut ca 1 mill. Styret vil truleg tildele midlane på styremøtet 11.april.