Det er no mogeleg å søke om midlar til gode prosjekt innan 15. september 2011.
Sparebankstiftinga Fjaler har gjennom to tildelingar på mindre enn eit årdelt ut godt og vel 2,2 millionar til allmennyttige formål i Fjaler. Ved siste tildeling, i mars 2011, vart det tildelt kr 1 225 500 i driftstøtte og prosjektstøtte til ei heil rekke søkarar i Fjaler. No blir det ei ny runde. Det blir denne gongen ei resttildeling for 2011 med litt mindre midlar til rådvelde enn ved forrige tildeling. Og ein kan denne gongen søke støtte berre til prosjekt. Det skal vere godt gjennomarbeidde prosjekt med fullstendig budsjett og ei god skildring av kva prosjektet går ut på. Sparebankstiftinga vil aldri finansiere heile prosjektet. Søkaren må vise til eiga finansiering og eventuell anna finansiering.
Sjå på Gåvetildeling. Der kan du finne meir informasjon om retningslinjene for korleis du kan søke og kven som kan søke, og det er òg fortalt korleis du skal søke. Der ligg det ligg eit elektronisk søknadskjema som vi helst vil at du skal bruke.