Ny halvmillion utdelt

Sparebankstiftinga Fjaler har hatt si tredje utdeling av gåvemidlar.Denne gongen var det 15 gode tiltak som fekk tilsaman ein halv million kroner.

På eitt år har stiftinga no delt ut nestten 2,8 millionar, og det meste har gått til lag og organisasjonar i Fjaler, som har fått eit godt løft. Dei som fekk mest midlar denne gongen, var Dale IL Fotball og gatetun- og stiprosjektet som Fjaler kommune driv i lag med turgruppa i Dale IL.

Her er heile lista:

Søkar/tiltak Tildelt
Guddalstoppen 4H: Mygg/mikrofonar          3 000
Holmedal Vel: El. Piano          4 000
Straumsnes Ungdomslag: Ungdomsrom/grendehuset          5 000
Hellevik Idrettslag: Ballbinge         10 000
Fjaler Kulturskule (på vegne av fleire): Piano         10 000
Dale skyttarlag v/ungdomsutvalet: Treningsrifle         10 000
Fure og Våge Songlag: Lyd- og lysutstyr         18 000
Fjaler kommune/Straumsnes grendelag:Lillinstonheimen, Filosofistien/teater         20 000
Flekke ungdomslag: Rehabilitering tak         25 000
Holmedal Bygdehus: Varmepumper         25 000
Fjaler kommune i samarbeid med turgruppa i Dale idrettslag: Stiprosjektet         30 000
UWC Røde Kors Nordisk: Ballbinge         40 000
Dale IL Fotball: Fotballmål/barn         50 000
Fjaler kommune i samarbeid med turgruppa i Dale IL: Gatetun/park/lyssetting       100 000
Dale IL Fotball: Kunstgrasbane       150 000
        500 000