Innskytarval til generalforsamlinga i Sparebankstiftinga Fjaler 5., 6. og 7. mars 2018

Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane og busett i Fjaler, kan du stemme inn medlemer i generalforsamlinga til Sparebankstiftinga Fjaler. Du kan kome med framlegg til kven som skal stå på val. Send framlegg til leiar i valnemnda Arve Helle; epost arve.helle@enivest.net , seinast 2. februar.
Det skal veljast 2 medlemer for 4 år, og 2 varamedlemer for 1 år. Generalforsamlinga har i alt 8 innskytarvalde medlemer og 2 vert valde kvart år. Generalforsamlinga vel m.a. styret for stiftinga og fastset rammer for gåvetildelinga.
Medlemene skal veljast av og blant dei innskytarane som er busette i Fjaler og som dei 6 siste månadane har hatt innskot minst kr 500.- i banken. Saman med dei 8 som vert valde av kommunestyret i Fjaler, skal dei spegle kundestrukturen i Sparebanken Sogn og Fjordane i Fjaler.
Valnemnda kjem med framlegg til kandidatar, og desse vert presenterte på ifjaler.no saman med informasjon om valet.
Valet vert gjennomført 5., 6. og 7. mars 2018 og føregår elektronisk. Du får tilsendt ein link 5. mars på epost dersom banken har epostadressa di i samband med nettbank. Kontakt kundesenteret på tlf 57 82 97 00 om du vil registrere epost.
Det vil vere mogleg å røyste i banken sitt lokale i Dale i ordinær opningstid desse dagane dersom du ikkje har høve å røyste elektronisk.
NB: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebanken Sogn og Fjordane gjennomfører val til sine generalforsamlingar til same tid. Hugs å røyste i alle vala.
Vi minner om søknadsfristen for 1. mars for gåver frå Sparebankstiftinga Fjaler. Søknadsrunda opnar 1. februar 2018.