Gruppebilde av menneske som har fått tildelt midlar.

Gir 1000 kroner til kvar elev

– Den beste måten å få til endringar gjennom «Framsnakk», er å satse på barn og ungdom. Sparebankstiftinga Fjaler har derfor bestemt å gje 1000 kroner til kvar elev i kommunen.

Det sa styreleiar Ingar Valvik i Sparebankstiftinga Fjaler føre dei vel 300 frammøtte.

Arenaen var Dingemoen skule i Dale og anledninga var foredraget «Framsnakk» med Gro og Anja Hammerseng-Edin. Etter det inspirerande fordraget der handballstjernene snakka om kvifor framsnakking er viktig, gjekk Valvik på scena og følge opp temaet i foredraget.

Gir 1000 kroner per elev

– Sett i eit folkehelse-perspektiv så er «Framsnakk» smittsamt. Vi må jobbe med dette over tid, og vi er opptekne av å treffe så breitt som mogleg. Noko vi er trygge på at vi kan gjere ved å styrke dette arbeidet i skulen. Eg ber difor rektorane frå skulane her om å komme fram, heldt Valvik fram og fekk ståande ovasjonar frå dei frammøtte då det vart lest opp kor mykje pengar kvar einskild skule ville få til å rutte med for å jobbe med positivitet og framsnakk.

– Det einaste kravet vi har i Sparebankstiftinga Fjaler er at vi kjem til å undersøke kva pengane blir brukte til. Kvar skule står fritt til å bruke pengane slik dei vil, og vi trur at det beste parameteret er elevane sjølve, sa Valvik før banksjefen i Sparebanken Sogn og Fjordane sitt Dale-kontor, Torunn Mattson, byrja å dele ut følgjande gåvesjekkar:

Flekke skule 39 000 kroner

Montessori-skulen 41 000 kroner

Våge skule 42 000 kroner

Dale vidaregåande skule 173 000 kroner

United World College 201 000 kroner

Dingemoen skule 262 000 kroner

Gruppebilde handballspelarar

Før foredraget fekk heldige handballspelarar i Dale æra av å bli trent av Gro og Anja Hammerseng-Edin.

Nesten ein million

Gåvene er gitt av Sparebankstiftinga Fjaler, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftinga er medeigar i banken, og deler kvart år ut gåver i området til gamle Fjaler Sparebank.

– Totalt blir dette 761 000 kroner til skulane i kommunen ved dette høvet. Og viss vi ser at dette nyttar, så trur eg også at vi kan love meir, smilte Valvik og fekk samtykkande nikk frå Ole Hope som er dagleg leiar i Sparebankstiftinga Fjaler.

I tillegg til denne gåva frå Fjaler-stiftninga, kom også Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane med gåver til både handballen og fotballen i Dale. Også den sistnemnde stiftinga deler ut gåver frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Vi støttar handballen i Dale med 70 000 kroner til utstyr og satsing på breiddearbeidet sitt, medan jentefotballen i Dale får 130 000 kroner for å vidareutvikle si jentesatsing. Vi er nemleg opptekne av at jentene skal få same sjanse til å utvikle seg som gutane, seier banksjef Torunn Mattson etter gåvedrysset på Dingemoen skule onsdag kveld. Totalt vart det delt ut nesten ein million kroner; det eksakte talet er 971 000 kroner.

Mottakarar av gåver på scena

Også handballen og jentefotballen i Dale fekk gåve tildelt av Torunn Mattson (i midten). Foredraget var leia av Linda Vøllestad Westbye (t.v.), som er direktør på privatmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stolte over å få til

Pengane vart som nemnd innleiingsvis delt ut på arrangementet «Framsnakk» med Gro og Anja Hammerseng-Edin, som Dale IL Handball og Sparebanken Sogn og Fjordane arrangerte.

– Vi er utruleg stolte over at vi har fått til eit så stort arrangement her i Dale, og samlar over 300 personar på ein heller mørk og tung haustkveld. Men temaet «Framsnakk» er utruleg viktig, og eg må innrømme at eg blir både rørt og glad når Sparebankstiftinga Fjaler bidrege med 1000 kroner til kvar elev i kommunen for å vidareføre dette arbeidet i skulen. Her kan vi vere med på å bidra til ein stor skilnad for den einskilde elev, seier Torunn Mattson etter foredraget og gåveutdelinga på Dingemoen skule og legg kjapt til:

– I dag vart det delt ut nesten ein million kroner til Fjaler. Seinare i haust kjem vi ut med fleire gåver til kommunane rundt. Det er berre å vente, seier Mattson og smiler etter gåvedrysset.

Anja og Gro Hammerseng-Edin holder foredrag

Foredraget med Anja og Gro Hammerseng-Edin vart ein stor suksess.

 

Publikum i sal

300 møtte opp og fekk med seg både foredrag og gåveutdeling.

Historier frå Sparebankstiftinga Fjaler