Slik skriv du søknaden

  • Vi vil at du fyller ut det elektroniske søknadsskjemaet, som du finn her: SEND SØKNAD (eller på framsida). Følg rettleinga etter kvart som du går fram i søknaden.
  • Fristen for innsending av søknad er innan seinast 2. mars 2015. Fristen må haldast. Dersom du får avslag på søknaden ved ei tildeling, kan du søke på nytt ved neste tildeling. Då må søknaden sendast inn på nytt. Det er ei søknadsrunde i 2015.
  • Gode søknader blir belønna!
  • Slik fyller du ut dei ulike postane i søknadsskjemaet:

Søkar:
Dette kan vere namnet på organisasjonen, personar eller samarbeidsgrupper i samband med eit prosjekt.

– Kontaktperson:
Gje opp namn på den personen som vi kan kontakte med spørsmål om søknadane. Fyll ut telefon og adresseopplysningane, og bankkontonummeret. Epostadresse må vere med for ein person i tillegg til den som søkjer.

Om prosjektet:
Fortel kort om prosjektet eller tiltaket de søkjer om pengar til. Kva skal skje, kva vil de oppnå, betydninga for lokalsamfunnet, samarbeidspartnarar.

Budsjett:
Her set ein opp samla kostnader for prosjektet.

– Finansieringsplan
:
Vis korleis ein har tenkt å finansiere prosjektet, t.d. ved tilskot frå ulike partar, eigeninnsats (som òg kan vere dugnad) og andre inntekter.

  • Vedlegg:
    Legg ved evt. fullstendig prosjektplan, budsjett, gjennomføring  og anna utfyllande informasjon om prosjektet.

 

Framgangsmåte ved søknad på “På Rappen-midlar” for ungdom:

Forenkla søknad: Søknaden skal innehalde:

– Kven du eller de er. Namn på personar/gruppe.
– Kva de søkjer om pengar til. Fortel om tiltaket og kvifor de syns de skal få støtte. Kva betydning kan de få for andre?
– Kva kostar det?
– Har du/de noko eigenkapital? Støtte frå andre, eigeninnsats, inntekter?
– Søknadssum
– Gje opp bankkontonummer

Bruk søknadsportalen.

Spørsmål: Send epost til post@ifjaler.no  eller ring 57739900.

 

 

 

Skriv ut denne sida.