1. september gjekk Fjaler Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane saman til ein bank. Banken i Dale blir senter i den nye bankregionen med kontor i Askvoll, Hyllestad, Gulen og Solund.

Vi ynskjer både kundar og tilsette i Fjaler Sparebank velkomen til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Vi blir no ein endå sterkare utviklingsaktør i HAFS-regionen med over 10.000 personkundar og nesten 1000 bedriftskundar.

Tidlegare Fjaler Sparebank har og avdelingskontor i Bergen: i Småstrandgaten 6. Vi får difor to bankkontor i Bergen no i starten, men i november vil vi samle alle tilsette i nye kontorlokale sentralt i Bergen.

Her er våre nye kollegaer ved kontoret i Dale: