Målet med turen skal i all hovudsak vere den sosiale dimensjonen. Opplegget og rammene skal inkludere alle i gruppa/ klassen/ laget. Støtte til turar der vilkåra for å vere med er prestasjonsbasert er ikkje omfatta av ordninga.
- Ein skuleklasse kan søke om støtte ein gong pr. trinn (mellomtrinn, ungdomstrinn og vidaregåande skule).
- Idrettslag og andre frivillige lag kan søke støtte til fleire lag samstundes, men ein gong årleg pr lag.
Om din skuleklasse, ditt lag eller di gruppe planlegg ein tur eller ei reise, kan de få støtte frå Sparebankstiftinga Fjaler mot at de gjer samfunnsnyttig arbeid. Ordninga er basert på at de kan få innvilga eit støttebeløp pr elev/deltakar. Som motyting må søkargruppa gjere samfunnsnyttig arbeid tilsvarande den verdien ein søker om. Arbeidet må planleggast og dokumenterast før støttebeløpet vert utbetalt.