Til saman 3,9 millionar kroner frå Sparebankstiftinga Fjaler er delt ut til fem flotte kulturaktørar

Det seier banksjefen i Dale, Torunn Mattson, etter at nesten fire millionar kroner er delt ut til kultur-Fjaler.

Våren er komen til Fjaler, som betyr gåveutdelingar frå Sparebankstiftinga Fjaler. Denne stiftinga gir kvart år gåver til gode formål i Fjaler og Holmedal-området, med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

No er utdelingane i gang, og startskotet gjekk med at fem ulike kulturaktørar er tildelt totalt 3 930 000 kroner. Mottakarane er Preform, Jakob Sande-selskapet, Dale Ungdomslag, Teaterfestivalen i Fjaler og Samvirket Scene.

– Det er imponerande å sjå kva desse lokale kreftene har greidd å skape på ein liten plass. Her er mange som spelar på lag, og dei ulike prosjekta vil ha stor nytte og verdi for kvarandre. Måten dei samarbeider på og løfter kvarandre, er imponerande og inspirerande, seier Torunn Mattson.

Ho er Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef i Dale, og ho fekk æra av å overrekke pengane på Samvirket, Dale sitt kulturhus.

– Ringverknadene av verdiskapinga som skjer i Fjaler er også positivt for resten av regionen og er med å setje HAFS på kartet, held ho fram.

Oversikt over mottakarane:

Teaterfestivalen i Fjaler: 400 000 kroner

Desse pengane skal vere med å utvikle festivalen med fleire lokale arrangement.

– Noko av det viktigaste for Teaterfestivalen er samarbeidet vi har med lokale krefter og lage arrangement for alle, og det skal dette vere med å utvikle, seier Torkil Sandsund, som saman med Miriam Prestøy Lie er kunstarleiarane i Teaterfestivalen.

– «Teaterdag for barn» er noko vi satsar på, og å ha eit teatertilbod til alle barne- og ungdomsskuleelevar. I tillegg har vi også Festivallaurdag, som er eit stort gratisarrangement der vi inviterer heile bygda. Vi tenker veldig mykje på korleis vi skal nå ut til alle målgrupper, også dei som ikkje kjøper billettar til førestilling. Så i denne store involveringa er dette bidraget frå Sparebankstiftinga Fjaler veldig sentralt, seier Prestøy Lie.

Preform: 600 000 kroner

Denne gåva skal vere med å legge til rette for kunstproduksjon og samarbeid mellom kulturorganisasjonane i Fjaler. Preform har ansvar for drift av kulturhuset Samvirket. Gåva på 600 000 er for 2024, men dei er også løyvd til saman 3,3 millionar til ut 2027.

– Det betyr at vi får ein tryggheit med å jobbe langsiktig og med å vidareutvikle kultur-Fjaler. Det er viktig å få bygd opp Fjaler som ei kunstproduksjonsbygd, og at vi klarer å finne gode måtar og samarbeide på til det beste for dei ulike organisasjonane og kunstnarane våre. Vi har som mål at når dette prosjektet er over i 2027, så har vi fått finansiert ei varig tiltak, seier Ingrid Hansen, dagleg leiar i Preform.

Jakob Sande-selskapet: 1 million kroner

Til utvikling av det nasjonale fagmiljøet og tilbodet innanfor forteljekunst ved Sandesenteret.

– Dette er faktisk heilt avgjerande for oss, og vi er heilt overvelda. Vi har sterkt fagmiljø her som skal ta vare på arven etter Jakob Sande. Dette er med og skapar merksemd for oss nasjonalt, for når vi søker om andre midlar, så får vi alltid spørsmål om korleis oppslutninga er lokalt. Så dette er som sagt heilt avgjerande for oss, seier Trude Høgseth Felde, styreleiar i Jakob Sande-selskapet.

Dale Ungdomslag: 1,5 millionar kroner

Til nytt teleskopamfi i ungdomshuset Trudvang, der mellom anna Fjaler Kino held til.

– Vi er utruleg takknemleg for denne tildelinga. Vi har hatt lyst til å ruste opp salen lenge, og det har hasta med å få orden på eit nytt amfi. Vi har kino to dagar i veka, og for å bevare det så er vi avhengige av eit amfi som fungerer. Amfiet skal vere elektrisk, slik at det også skal vere enkelt for andre å bruke, seier Ida Søderstrøm, som mottok gåva saman med Irene Langeland, Malene Helle og Andreas Lykkebø.

Samvirket Scene Fjaler: 430 000 kroner

Til nytt øvingsrom for musikk i kjellaren på Samvirket.

– Viss vi ikkje hadde fått denne gåva, så hadde det ikkje blitt noko øvingsrom. Så dette er heilt avgjerande. I dette øvingsrommet skal ungdommar få møtast og utvikle seg sjølv. Dette skal bli ein møteplass utanfor det organiserte. I foajeen her på Samvirket held kommunen på å bygge opp ein møteplass for ungdom, og dette øvingsrommet kjem til å gi møteplassen ein heilheit, seier Mats Systaddal i Samvirket Scene.

Utover våren skal det også delast ut fleire gåver frå Sparebankstiftinga Fjaler.

Toppbildet: På scena på Samvirket delte banksjef Torunn Mattson (t.v.) ut pengar til fem kulturaktørar i Fjaler. Her saman med Trude Høgseth Felde (Jakob Sande-selskapet), Miriam Prestøy Lie (Teaterfestivalen i Fjaler), Torkil Sandsund (Teaterfestivalen i Fjaler), Ingrid Hansen (Preform), Ida Søderstrøm (Dale Ungdomslag), Andreas Lykkebø (Dale Ungdomslag), Malene Helle (Dale Ungdomslag), Irene Langeland (Dale Ungdomslag) og Mats Systaddal (Samvirket Scene).

Historier frå Sparebankstiftinga Fjaler